Stal øl og rusbrus

To personar blir melde til politiet etter fleire tjuveri frå ein butikk i Fosnavåg siste dagane.
New Articles

Ei jente og ein gut som er russ blir politimelde etter at dei gjentekne gonger har stole øl og rusbrus frå ein butikk i Fosnavåg siste tida, skriv Politiet i Møre og Romsdal på Twitter fredag ettermiddag.

– Dei er viste vekk frå staden og uønskte i butikken, seier operasjonsleiar John Bratland til Sunnmørsposten.