Beate Lech frå Volda med i Stjernekamp

Beate Lech frå Volda og Andrea Santiago frå Måløy er to av deltakarane i årets Stjernekamp på NRK.

Deltek: Beate Lech er ein av deltakarane i årets Stjernekamp. Arkivfoto: Knut Arne Aarset 

New Articles

Dei ti artistane som skal konkurrere om sjåarane sine stemmer vart presenterte av NRK fredag.

Lech har sunge under artistnamnet Beady Belle, og var på 90-talet vokalist i bandet Folk & Røvere. Ho syng mest jazz, soul og R & B, og har gitt ut åtte album etter tusenårsskiftet.

Deltek: Andrea Santiago frå Måløy deltek i årets Stjernekamp. Her frå opptreden i The Voice. FOTO: TV 2  Foto: TV2

Santiago var i 2017 med i The Voice på TV2, og enda til slutt på andreplass i konkurransen. I 2018 vart ho tildelt Drømmestipendet på 15.000 kroner frå Norsk Kulturskoleråd og Norsk Tipping. Med sine 17 år er ho den yngste deltakaren i sesongen.

Dette er den åttande sesongen av Stjernekamp, og programmet vil komme på skjermen til hausten. Då skal Lech og Santiago konkurrere mot artistar som Åge Sten Nilsen, Hanne Sørvaag og Kim Rysstad.