Dette er finalistane til Musikkprisen 2019

Av dei 63 bidraga til årets Musikkpris, er dei tre finalistane no annonsert.

Fjorårets vinnar: I fjor vant Isak "Shorty" Musikkprisen 2018. Arkivfoto: Scream Media  Foto: Scream Media

New Articles

Leander, Ufokusert og Kontrollert Kaos er dei tre finalistane til Musikkprisen 2019, melder Musikkprisen på Facebook-sida si.

Leander er artistnamnet til Joachim Lauritsen (25) frå Bergen. Han deltek med songen "Ego". Han fell innanfor urban pop-sjangeren. Tidlegare har han gitt ut musikk under artistnamnet Joe Achi.


Oppsøkte James Bond-crewet med ny låt

Vinnerne av Musikkprisen i Ålesund 2017, Molde-bandet Revolt, bekrefter at de har vært på Atlanterhavsvegen og levert sin nyeste singel «Shatterhand», som slippes neste uke.


Ufokusert deltek med songen "Pretty Faces Pretty World". Bandet består av fem attenåringar frå Søre Sunnmøre som har spelt i lag i litt over eitt og eit halvt år.

Hip-hop-bandet Kontrollert Kaos frå Søre Sunnmøre har allereie gitt ut fleire låtar, og deltek i Musikkprisen med "Kvar Vår Vei". Bandet består hovudsakleg av artistane ZigZag-Zvor, Birdie Pirat, Andy Dandy og T2K.

Finalen går av stabelen førstkommande laurdag 19. juni. Fram til då kan publikum stemme på dei tre artistane.

I fjor var det Isak «Shorty» som stakk av med sigeren i konkurransen.


Isak Shorty har signert med et av Norges ledende bookingbyråer:

Ble oppdaget av storselskap på konsert

Forrige uke spilte Isak «Shorty» Kvamme på Trondheim Calling. Der ble han oppdaget av Atomic Soul.