Bles liv i klassikaren – men mindre liv på nattestid denne gongen

Hoffmann vaknar til live att

Café Hoffmann opnar att i dei gamle lokala, men med nye eigarar. – Vi ønskjer å skape litt liv i gågata, seier dagleg leiar.

Hoffmann: Café Hoffmann opnar dørene att, etter gamle Hoffmann Kafé og Bar la ned drifta i fjor. Investorar frå Herøy står bak, med norddalingen Jan Ivar Nydal bak spakene i den daglege drifta. Han har erfaring frå mellom anna Hotell Union i Geiranger.  Foto: Staale Wattø

New Articles

Det sit ti–tjue gjestar og nyt sola med litt kald drikke utanfor Hoffmanngården når Sunnmørsposten er innom tysdag. Det fine vêret håpar dagleg leiar Jan Ivar Nydal at held seg over sommaren, så det vert litt liv i gågata.