Trafikkauke på Vigra i mai

Streik førte til nedgang i trafikken på landsbasis, men Vigra hadde auke.
New Articles

Trass i SAS-streiken som gjekk over tre dagar i mai, hadde Ålesund lufthavn Vigra ei auke på 1,3 prosent i reisande passasjerar, skriv lufthamnssjef på Vigra, Tor Hånde, i ei pressemelding.

Streiken førte til ein reduksjon på 1,5 prosent i innlandstrafikk. Samstundes har fleire passasjerar nytta rutene til Amsterdam og Gdansk enn på same tid i fjor, og dette har gitt ei auke på ti prosent i utanlandstrafikken.

Nedgang på landsbasis

Medan Vigra har hatt auke i trafikken, hadde Avinor sine flyplassar samla ein nedgang på 2,3 prosent samanlikna med mai i fjor, melder Avinor i ei pressemelding. Nedgangen var størst på innanlandstrafikk.