Tre bilar avskilta i kontroll

Seks bilar kontrollerte i Ørsta, tre av dei vart avskilta.
New Articles

I ein trafikkontroll i Voldavegen vart seks bilar kontrollerte, melder politiet på Twitter. Tre av bilane vart avskilta.

På ein av bilane var det gjort ulovleg motorbytte. Ein annan var ulovleg senka og hadde ulovlege lys og spoiler, og den siste hadde tekniske manglar.