Pendlar til Myklebust Verft frå Ulsteinvik:

– Det er ei spanande verksemd å vere ein del av

Hareidsdølingen Ida Bigset Storaker og moltustrandingen Torben Sandvik bur begge i Ulsteinvik, men pendlar gladeleg til Gursken på jobb.

Arbeidsinnpendlarar Ida Bigset Storaker og Torben Sandvik pendlar begge frå Ulsteinvik til Gursken, då dei er høvesvis HR- og organisasjonssjef og HMS- og kvalitetssjef ved Myklebust Verft.   Foto: Ole-Ottar Karlsen Høgstavoll / Vikebladet Vestposten

New Articles

(Vikebladet Vestposten): Til liks med fleire av kommunane på Søre Sunnmøre er Sande ei stor inn- og utpendlarkommune. Først og fremst er det eit rikt næringsliv i regionen som bidreg til dette. Myklebust Verft er den største verksemda i Gursken, og er arbeidsstaden til rundt 130 tilsette. To av desse er Ida Bigset Storaker og Torben Sandvik.