Politiet ber om tips etter innbrot i Sula

Det er gjort skade i ein einebustad i Langevåg.
Nyheter

Fredag kveld eller natt til laurdag har det vore innbrot og skadeverk i ein einebustad i Langevåg, opplyser politiet og ber om tips frå folk som kan ha sett noko.

– Gjerningspersonane har brote seg inn eit vindauge. Politiet er på staden og gjer undersøkingar, skriv politiet i Møre og Romsdal på Twitter klokka 12.25. Dei oppgir Legane som område, men frå bebuarar blir dette sagt å heite Remane.

Tips og observasjonar kan meldast til politiet på tlf. 02800, blir det opplyst.