Eva Hove vert den første i Fjord

Norddal og Stordal blir til Fjord, og Eva Hove (Ap) vert den første ordføraren i den nye kommunen.

Eva Hove, tidlegare ordførar i Stordal, blir no ordførar i Fjord koummune.  Foto: Terje Engås

New Articles

Viktor Valdal (H) vert varaordførar. Dette er klart etter at det fredag kveld vart inngått ein avtale om eit valteknisk samarbeid.

Ingen av partia fekk fleirtal åleine etter valet, og det var derfor behov for sonderingar mellom dei tre største partigruppene; AP, H og SP.

Etter at Høgre hadde hatt sonderingar med både AP og SP, kom det til semje om ein avtale mellom Ap og Høgre som FrP har slutta seg til.

Sentralt i forhandlingane sto mellom anna. synet på realisering av likeverdsprinsippet i Intensjonsavtalen. Dette inneber at helsehus og helseadministrasjon vert lagt til Valldal og at sentraladministrasjonen vert passert i Stordal.