Langspurt med nye vegskilt

Den gamle grensa mellom Hornindal og Eid er frå i morgon grense mellom Volda og Stad, og mellom Møre og Romsdal og Vestland. Kartet er i stor endring.

Nye kommunar og fylke: Inge Atle Myren t.v. og Kjell Nesje i Mesta har vore travelt opptekne med å skru ned gamle skilt og setje opp nye dei siste dagane før nyttår. Desse skilta står på den gamle kommunegrensa og vert flytta til rett plass på Øyebakken når telen har gått ut av jorda.   Foto: Bengt Flaten / Fjordingen

New Articles

(Fjordingen): Nye fylkesgrenser og nye namn på fylke. Nye kommunegrenser og nye namn på kommunar. Kartet er i kraftig endring i desse dagar, og Mesta og andre vegentreprenørar har hatt fulle dagar med å skru skilt ned og opp i tide til nyttårsskiftet. Det vil seie, dei har skrudd betydeleg fleire skilt opp enn ned, for mange gamle kommuneskilt er blitt stolne dei siste vekene, både i Nordfjord og andre stader i landet.