Ferja til Harøya innstilt

Rute 22 Brattvåg – Dryna – Fjørtofta – Harøya er innstilt fram til klokka 23.15.
Nyheter

Måndag kveld melder Fjord1 at rute 22 Brattvåg – Dryna – Fjørtofta – Harøya er innstilt på grunn av teknisk problem. Ferja som har problem, MF «Dryna», ligg i Brattvåg.

– Det blir normal drift i sambandet frå klokka 23.15, melder Fjord1. Då set dei inn reserveferja «Tingvoll», som ligg i Brattvåg. Tysdag morgon blir det normal drift med «Harøy» og «Tingvoll».

Klokka 19 sende Fjord1 ut melding om at ferja var forseinka. Klokka 20.20 melde dei så at sambandet er innstilt inntil vidare.