Lesarinnlegg:

Ålesund kommune «sjakk matt»?

Kommunevåpen: Før den nye Ålesund kommune så dagens lys, var det striden om byvåpenets skjebne som opptok folk. Nå er det hverdagens realiteter.  Foto: Jan Erik Røsvik

New Articles

Ein kan meine mykje og mangt om administrasjonen i nye storkommunen, og det har for alvor teke laust no etter den store bommerten med at det vart sendt ut faktura med feil avgifter på vatn/avlaup.

Men å foreslå nærmast ei avstraffing, slik som opposisjonen foreslår, er å drive det for langt.

Vert det forslaget som er referert i media, utan endringar, vedteke fredag, vil det sette kommunen i «sjakk matt».

Så eg håpar at kommunestyret i fellesskap klarer og komponere eit betre alternativ.

Samtidig vil eg minne administrasjonen på at det er vi som er innbyggjarar, saman med dei næringsdrivande, som er kundane hos kommunen.

Det er trist når vi som stemte for samanslåinga, ser at tilliten til ny kommunen allereie er langt under minus.

Terje Vadset
Skodje

Har du noko på hjartet? Send eit innlegg til meninger@smp.no