– Stolt av sambuaren som står opp mot rasisme

– Eg er stolt av Gita som fortel historia si og står opp mot rasismen ho og familien har opplevd, skreiv Tarjei Bø på Facebook, då sambuar Gita posta eit blogginnlegg om kvardagsrasisme. – Det er bra at det er fokus på dette temaet. Det er noko som finst rundt oss over alt, seier paret, som sjølv opplevde mange negative kommentarar då det vart kjent at dei var blitt saman.

Viktig fokus: – Vi er glade for at det blir sett fokus på kvardagsrasisme. Det er svært viktig, seier Gita Simonsen og Tarjei Bø. Sjølv fekk dei mange negative og rasistiske kommentarar då det vart kjent at dei var blitt eit par. – Eg er stolt av Gina som fortel historia si og står opp mot rasismen, seier Tarjei til Fjordingen.  Foto: Gunnhild Sindre, Fjordingen

New Articles

(Fjordingen) Då skiskyttaren Tarjei Bø, idrettsutøvar med stjernestatus, vart saman med journalist og produsent Gita Simonsen, fekk dei mange gratulasjonar frå inn- og utland.