Stengjer straumen hos kundar utan automatisk straummålar

Mørenett AS sender ut stengevarsel til 80 kundar som nektar å få installert automatisk straummålar.

Straummålar.  Foto: SVEIN AAM /Møre-Nytt

New Articles

(Møre-Nytt): – I tillegg har vi 617 kundar vi ikkje kjem i kontakt med, som vil få stengevarsel om ikkje lenge, heiter det i ei pressemelding frå selskapet.

Bakgrunnen for varselet er NVE sitt krav om at alle straumkundar i Noreg skulle ha målar som sikrar automatisk avlesing frå 1. januar 2019. Mørenett oppmodar kundane som framleis ikkje har ny målar om ta kontakt omgåande, for å unngå stenging og sleppe ekstrakostnader på 2.500 kroner knytt til stenging og opning av anlegget.

Mange forsøk på å kontakte kundane

– I forsyningsområdet vårt er det om lag 66.600 kundar som skal ha automatisk straummålar. Diverre er det framleis 697 kundar som nektar å byte målar, eller som vi ikkje kjem i kontakt med. Vi har gjort fleire forsøk på å byte målar, og å kome i kontakt med kundane, både skriftleg, på telefon, via SMS, e-post og direkte oppmøte på adressa til kunden. No har det gått så lang tid at vi ikkje ser anna løysing enn å stengje straumen, seier Rune Kiperberg, adm. direktør i Mørenett.

Har lov til å stenge straumen

Det er NVE som har pålagt nettselskapa i Noreg å installere automatisk straummålar hos alle nettkundar. Straummålaren er nettselskapet sin eigedom, og ifølgje regelverket er det nettselskapet som skal bestemme type måleutstyr. Nettselskapet har også ansvar for installasjon, drift og kontrollov straummålaren.

– Ifølgje nettleigeavtalen, skal nettselskapet ha uhindra tilgang til straummålaren. Når vi blir hindra i å byte til det utstyret styresmaktene har pålagt oss, er det eit vesentleg brot på nettleigeavtalen vi har inngått med kunden. Både forbrukarkjøpsloven og nettleigeavtalen gir nettselskapa rett til å stanse straumleveransen til kundar som ikkje følgjer avtalen, seier Kiperberg.

Rune Kiperberg er administrerande direktør i Mørenett.  Foto: Mørenett/Arkivfoto

Dette er automatisk straummålar

Innføringa av nye automatiske straummålarar dei siste åra er eit ledd i naudsynt modernisering og oppgradering av straumnettet, ifølgje Mørenett.

– Dei aller fleste bustader i Noreg har no fått ny straummålar. Dei nye målarane har fleire fordelar, mellom anna at dei automatisk sender avlesinga til oss, noko som gir eit heilt nøyaktig fakturagrunnlag. Statens strålevern har konkludert med at dei nye straummålarane er heilt trygge og ikkje gir frå seg farleg stråling, heiter det i pressemeldinga.

Saka blei først publisert i Møre-Nytt.