Kyrkjeorgelet var låst i revers

Ikkje alt går til atters i kyrkja. I Fiksdal bles instrumentet no rette vegen igjen.

Jostein Maude er organist i Vestnes.   Foto: BJØRN HALVORSEN

New Articles

Bygdebladet har snappa opp ei snål soge frå det kyrkjelege kulturlivet over i Vestnes. I Fiksdal har ein i årevis lurt på kva som plaga kyrkjeorgelet. Ikkje fekk det opp noko særleg til trykk i salmesongen. Susa som ei middels utrøne i bjørkeskogen gjorde det også.

Folket slo seg til ro med at sekstiåringar gjerne kan bli noko tungpusta. Ikkje alle ber alderen like godt. Men for å vere på den sikre sida, ringde dei likevel etter hjelp.

Når det kjem til kyrkjeorgel, gjer helst dokteren heimebesøk. Då Nils Torkildsen frå Br. Torkildsens Orgelbyggeri tok til å undersøkje pasienten, gjekk det ikkje lenge før diagnosen var stilt: Motoren som pumpar luft til reservoaret gjekk galne vegen!

Einkvan har i si tid snudd om på polane. Hendelset snurra såleis motstraums, kan ein vel seie. Men ikkje all motkultur treng vere av det gode, som vi skjønar.

– Dette er eit velkjent problem når det gjeld orgel, men ein hadde ikkje tenkt at det skulle ha slik verknad som her i Fiksdal, seier organist Jostein Maude til Bygdebladet.

– Magasinet har gått fortare tomt for luft, spesielt om ein legg til ein del register og spelar litt kraftig, eller spelar pedal med store piper, forklarar fagmannen på orgelkrakken.

No er ikkje kandidat Maude nett kjent som nokon fisle-musikar. Det måtte truleg ein "bråkmakar" av rangen hans til for å avdekkje problemet på rett.

Etter denne vellukka reformasjonen står det vel berre att å få snudd kyrkjesøkinga. Skal tru kvar dei leidningane går?

Vestre-instrumentet bygt på Haramsøya vart innvigt midtsommars 1960. Organisten ser langt lysare på instrumentariet si helse no. Det er langt på veg friskmeldt. Han reknar difor med dei slepp å tenkje på AFP med det første.