Ole-Andreas Skår får større rolle i Noregs største e-sportsklubb: – Vi skal ha ei satsing som er ulik noko anna

Ole Andreas Skår frå Herøy har vore ein del av Noregs største e-sportklubb sidan 2018. No har han utvida ansvarsområdet sitt i klubben, som ser mot storsatsing i 2021.

UTVIDAR: Ole-Andreas Skår er no manager for tre av laga til Noregs største e-sportklubb.  Foto: Hogne Bø Pettersen

New Articles

– Dette er noko eg har ønskt lenge. League of Legends er kjempestort og vi har fleire unge talent i Noreg. No får eg i tillegg jobbe med FIFA og Fortnite, seier Ole-Andreas Skår til Sunnmørsposten.