Ny styreleiar i Sunnmøre Fotballkrets

Sunnmøre Fotballkrets har ny styreleiar etter kretstinget laurdag 09. januar. Den nye leiaren seier kretsen skal jobbe for å legge til rette for aktivitet på ein forsvarleg måte i 2021.

Nyvalt: Oddbjørn Solheim er ny styreleiar i Sunnmøre Fotballkrets. Her saman med tidlegare leiar, Lena Charlotte Pedersen.  Foto: Sunnmøre Fotballkrets

New Articles

Oddbjørn Solheim frå Blindheim IL var innstilt av valkomiteen som ny styreleiar i Sunnmøre Fotballkrets. Han blei valt inn under kretstinget laurdag 09. januar. Tinget blei gjennomført digitalt som følgje av myndigheitene sine korona-innstrammingar.