Fleire opnar, men Ulstein vil vente

Fleire kommunar på Sunnmøre opnar for at det kan spelast treningskampar på tvers av kommunegrensene, men Ulstein kommune vil følgje nasjonale anbefalingar og opnar ikkje på noverande tidspunkt.  

New Articles

(Vikebladet Vestposten): I februar tok Sunnmøre Fotballkrets kontakt med alle ordførarane på Sunnmøre med ei bøn om å opne for treningskampar på tvers av kommunegrensene. Ordførarane i Sjustjerna var då positive til dette, men bad om ei vurdering frå kommunelegane.