Ein ny generasjon svømmarar i AaSLK tek store steg

Fem av svømmarane i AaSLK kvalifiserte seg til NM Ungdom. Det er slike som har potensiale til å hevde seg nasjonalt, men problemet er å få dei til å bli i AaSLK lenge nok, meiner klubben.

Generasjon: Trass i eit år med fleire rundar nedstenging av svømmehallar, har desse fire svømmarane kvalifisert seg til NM Ungdom. Frå venstre: Storm Pedersen, Andres Kobbevik, Noah Kvalsund og Tuva Sofie Wik Haram. Også Pedro Aure kvalifiserte seg, men var ikkje til stades.  Foto: Peder Skjelten

New Articles

Storm Pedersen (15), Noah Kvalsund (14), Tuva Sofie Haram Wik (14), og Andres Kobbevik (15) kvalifiserte seg alle til NM Ungdom i svømming førre helg, på eit internt klubbstemne.