Meiner helikopterberedskapen må styrkast:

Far og son opplevde dramaet på Stadhavet på nært hald

Dei to var augevitne til dramaet der ein lastebåt fekk slagside og heldt på å kantre nordvest for Stad andre påskedag. No tek dei til orde for at helikopterberedskapen, spesielt i Barentshavet, må styrkast.

Tony Silden (t.v.) og Jarl-Magne Silden opplevde skipsdramaet på Stadhavet på nært hald.   Foto: ERLING WÅGE, FJORDENES TIDENDE

Nyheter

(Fjordenes Tidende): Linebåten «Veststeinen» frå Måløy hadde akkurat avslutta fiske om morgonen andre påskedag, og skulle sette kursen mot land. Då kom naudmeldinga frå kapteinen på det nederlandske lasteskipet «Eemslift Hendrika» som er 111 meter langt.