Kommentar:

«Han prøvde på noe han umulig kunne greie»

«Er det noen som husker Slagsvold Vedum fra valgkampen '21? Er det noen som vet hvor han egentlig ble av? Gikk han hjem? Gikk han med gallupen ned?»

Trøyst og inspirasjon: Trygve Slagsvold Vedum (Sp) gjer det svakt på dei siste meiningsmålingane. Mandag kan han søkje inspirasjon i Sp-bastionen Ørsta.  Foto: Gorm Kallestad/ NTB

New Articles

Første runde på 22,3,
Støre lå på soffan med SV-knekk
Neste runde, over 40 mandater
Og Takvam kommenterte: «Det her blir sprekk!»

Har du til gode å møte ein partileiar så langt i valkampen, har du framleis sjansen. Denne helga ramlar både Erna Solberg (H) og Sylvi Listhaug (Frp) rundt på Sunnmøre og i Romsdalen i håp om å berge partia sine andre-mandat i fylket.

Sp langt har det nemleg sett ut til at det er her kampen står i Møre og Romsdal. Blir det ein Frank (Frp) eller blir det ein Vetle (H) på tinget.

Sikta mot ny rekord

Men no kan det også spøke for Vestnes-ordførar Geir Inge Lien (Sp) sin plass, og mandag kjem han som alle snakkar om for tida for å berge den:

Trygve Slagsvold Vedum (Sp).

Du veit. Han som var i ferd med å gå Senterpartiet inn til ny rekord.

Rundt jul såg alt så lyst ut. Partiet glitra med målingar på godt oppe på 20-talet. På enkelte var Sp størst.

Dette var gevinsten av at Senterpartiet hadde klart å markere seg som eit klart og tydeleg alternativ i opposisjon til regjeringa sine reformar, tydelegare enn nokon anna.

På etterjuls-vinteren og utover våren byrja det å butte litt meir i mot. Då trudde mange at det meste var gjort.

Men sanneleg hadde ikkje Vedum enda litt meir på lager.

Fyren gikk så sørpa spruta
Og på gallupen rusa han som en gammal John Deere,
Takvam sa: «Han mangler erfaring på distansen»,
men selv tok han fram skjema til norsk rekord

Meiningsmålingane peika igjen oppover både i mai, juni og juli. Ikkje så mykje kanskje, men nok til at Senterpartiet kunne leike med tanken om ei rein Ap-Sp-regjering. Spelet om kven som kunne vere verdige ein plass ved Kongen sitt bord, heldt Vedum i rampelyset.

Full sprekk

Men så kom sprekken.

Den kom samstundes med at klimasaka steig inn på valkampen si hovudscene. Senterpartiet fall som ein stein, og Vedum sin draum om å regjere åleine saman med Støre dunsta vekk som dogg i morgonsol.

Ikkje berre det.

Heller ikkje Jonas Gahr Støre sin draum om ei raud-grøn fleirtalsregjering er like trygg. På fleire av dei siste målingane er han avhengig av støtte frå MDG eller Rødt

Stivnar i oppløpet

Men så var det Senterpartiet då, og Trygve Slagsvold Vedum.

Så stivnet han, det skjedde sånn helt plutselig
Og Takvam tok et annet skjema frem
Det ble feilskjær og to fall på siste runde
Men da var de fleste alt gått hjem

Slikt kan vere vondt å sjå på.

Skøyteløparen som står på to stive telegrafstolpar fulle av mjølkesyre, eller maratonløparen som går i kneståande rett før mål og må krabbe dei siste metrane, fortener medynk.

Mange snakkar no om Senterpartiet sin kollaps.

Det er kanskje litt tidleg, men at Vedum er blitt svært trang i skjeret og stiv i maska må det likevel vere lov å seie.

Partiet er ramma av eit lojalitetsfall som betyr at så mange som 50-60.000 veljarar frå 2017 har hoppa av i følgje nettstaden Poll of polls.

Lek i alle endar

Nokre har satt seg på gjerdet. Andre har gått til andre parti. Førstegangsveljarane strøymer til parti som har grønare politikk enn den du finn på Sp sin kløver-logo.

TV2 si siste måling er Senterpartiet nede i berre litt over 11 prosent og 20 mandat — ei halvering sidan juletider. Dagbladet si måling fredag ga 12,5 prosent, eit fall på ti prosentpoeng i same periode.

Latteren sit ikkje like laust hos Sp-leiaren, sjølv om eit resultat på vel 10 prosent og rundt 20 mandat framleis er eit godt resultat i moderne Sp-historie.

Det tar likevel på humøret å sprekke slik mot slutten.

Til og med dei tidlegare sentrumskameratane KrF og Venstre har no ein sjanse til å svinge seg over sperregrensa, truleg med hjelp av klimasak, fråveret av regjerings-stolleiken og lekkasje av borgerlege veljarar frå Sp.

Og for Jonas Gahr Støre blir ikkje fleirtalsdraumen like lyseraud som før — eller lysegrøn om du vil.

Sp-bastionen Ørsta

Måndag stiller Trygve Slagsvold Vedum «På Esso» i Sp-bastionen Ørsta. Dei som er frå dei kantar, veit kva det betyr.

Der kan du framleis kjenne lukta av svidd gummi frå råne-Volvoen og fikse deg ein taxi som har venta litt lenge på tur.

Her manglar Senterpartiet berre ein plass i kommunestyret på å ha reint fleirtal, og ordførar og tidlegare kraftspiss Stein Aam (Sp) har full kontroll.

Eit slikt besøk kan kanskje inspirere ein litt sliten partileiar.

Men det er neppe nok.

Vedum prøvde på noe han umulig kunne greie,
Men fatter gjespa og sa:" «Er det så spesielt?»

PS. Sorry for tjuvlånet, De derre!
Helsing Jan Erik