Eg må innrømme at det er med ulyst eg skriv dette innlegget som svar til Margit Lovise Holte (MLH).

Striden om kvinneleg presteteneste er vond for alle partar. I det siste har den blitt forverra ved at den har dreia seg mindre om teologi enn om rein interessekamp. MLH sin artikkel er eit godt eksempel, i tillegg til at den avslører fleire negative trekk: ei nedlatande haldning til meg som opponent, ei anti-ekumensik grunnhaldning, og ei fullstendig likesæle til kyrkjas lange historiske tradisjon.

Bibeltolking

Teologiens oppgåve er «å fortolke møtet mellom tekst og samtid slik at ny praksis kan vekse fram», skriv ho. Det høyrest flott ut, men eg er usikker på kva det betyr. Kva vil ein slik slags «permanent revolusjon» føre til i lengda?

Eg er oppdregen til at teologien er å vidareføre ein gjeven storleik, nemleg innhaldet i Den heilage Skrifta og kyrkja si lære. Ordinasjonsritualet seier at det gjeld om –« i studium og bøn å trengje djupare inn i dei heilage skriftene og sanningane i den kristne trua.»

Hierarkisk struktur

«Hierarkisk struktur» betyr at kyrkja har ei ordning. Den lutherske kyrkja er ei episkopal kyrkje, og prestane er innsett i eit embete som biskopen ordinerer til. Det betyr også at MLH er ein del av ein hierarkisk struktur. Som sokneprest kan ho med ryggdekning frå biskopen stige opp på preikestolen og undervise «almuen», døype og forrette Herrens heilage nattverd. Som ingen andre i Ulstein kan. Med hennar eigne ord har ho altså eit privilegium framfor «vanlege folk».

Om ho er so kritisk til denne hierarkiske ordninga som det synest av artikkelen hennar, ville kanskje konsekvensen av den bibeltolkingsmetoden ho presenterer vere at ho vurderer si presteteneste og heller søkjer ei plassering i ein «flat» struktur, t.d. som predikant i Indremisjonen-

Apostlane sin apostel

I romersk -katolsk teologi har «apostolisk» ei dobbel tyding: For det første: slik vi nyttar ordet: det som vi kan spore tilbake til apostlane er apostolisk. Vi har t.d. «den apostoliske truvedkjenninga», fordi dette er formuleringar som går heilt tilbake til apostlane si tid.

Men apostolisk betyr også «vitne». Eit apostolisk program i r.c teologi ville vi nok kalle eit evangeliseringsprogram, den alminnelege kristne sitt vitnemål om tru på den oppstadne Kristus. Maria Magdalena er altså eit «supervitne», eit eksempel til etterfølging for alle truande. Omgrepet forstått i luthersk tapning, ville nær sagt gjere Maria frå Magdala til den første pave. Det vart ho ikkje-

Kvinneleg presteteneste

Har prestetenesta noko med kjønn å gjere? Det ser slik ut: Jesus vel ut 12 menn som apostlar, som så ordinerer dei første biskopar, alle menn. Og denne mannlege tradisjonen held fram ubroten i 2000 år, og held fram vidare i dei store historiske kyrkjesamfunna (ortodoks og romersk-katolsk) den dag i dag. Argumenta som kvinneprest-tilhengarane bruker, fekk altså ikkje konsekvensar for organiseringa av bispe/prestetenesta når den kristne kyrkja vart grunnlagt.

Dette var ei formingstid utan sidestykke. Det teologiske tankearbeidet som vart gjort på denne tida (fram til ca.år 300), er framleis grunnleggande for kyrkja i dag. Å avfeie dette historiske faktum med å vise til at «underordning var ei samfunnsordning på Paulus si tid», er eit skrøpeleg argument. Den første kristne kyrkja braut nær sagt med alle samfunnsmessige ordningar.

Det er derfor svært vanskeleg å skulle vise kvifor akkurat spørsmålet om kjønn når det gjeld bispe/prestetenesta skulle vere eit unntak. Men her er også eit djupare sjikt enn det historiske: kjønn og kjønnspolariteten mellom mann og kvinne er Gud-skapt. I lag med seksualitet og erotikk. Kjønn og erotikk og seksualitet er altså ikkje forvist til eit mørkeloft i den bibelske verda, tvert imot: den treeinige Gud er eit elskande fellesskap.

Og det som liknar mest på Gud som elskande fellesskap på jorda, er ekteskapet mellom mann og kvinne. Og kjærleikens frukt blir borte ikkje: Sonen, Jesus, er «fødd, ikkje -skapt» av Faderen. . Nytestamentet omtalar kyrkja som brud og Kristus som brudgom. Og kjærleikens frukt blir borte ikkje her heller: Dåpen er fostervatnet der kyrkjas born vert fødde. Vidare: Kallet til mannen og kvinna i skapingsforteljinga er å bli eitt kjøt. I nattverden skjer dette ved at Brud og Brudgom, Kristus og kyrkja vert eitt kjøt- Kristus gir sin kropp til si brud.

Dette nære, kroppslege, er tydelegvis so sentral og opplagd når det gjeld synet på kyrkja og bispe/prestetenesta i den fyrste kristne kyrkja, at det ville vere utenkjeleg å plassere ei kvinne ved alteret i Kristi stad. På langfredag gir brudgommen sitt liv til kyrkja på krossen, og ved krossen står derfor Maria, bildet på kyrkja. Men det er utenkjeleg at dei to byter plass.

Forsvarar kvinnelege prestar: – Dette minner oss om at vi fortsatt har ein lang veg å gå Prinsesse Märtha Louise kastar seg ut i preste-debatten i et nytt innlegg på sin Instagram-konto, der ho tek kvinnelege prestar i forsvar.

Konsekvensar

Ukjent stoff? Ukjente tankar. Eg vil tru det. men det er her, i denne relativt ukjende verda for mange at ein finn dei tankane som leier til det klassiske standpunktet i spørsmålet om kvinneleg presteteneste, og som «resten av den kristne verda» bekjenner seg til.

Eg har ingen tanke om at kvinneprest-tilhengarar vil snu på hælen og ta dette inn. Men det er veldig skuffande og frustrerande at teologar/prestar i 2021 ikkje er betre orientert om kva dette store stridstemaet dreier seg om. I fleire tiår har denne debatten gått i kyrkja, der er tusenvis av sider med teologisk stoff på dette. Det var også å vente at tilhengarane av denne nyordninga kjende til kva dei store kyrkjesamfunna seier om saka.

Denne smalspora norsk-protestantiske haldninga snevrar spørsmålet inn til å bli ein kamp om privilegium, noko artikkelen til MLH er eit skremmande eksempel på. Men når no denne nye teologien har vunne «prinsessa og halve (eller heile) kongeriket», skulle eg ønskje at tilhengarar av denne teologien kunne vere so reale at dei tilstår dei få kvinneprestmotstandarane som orkar å bli ståande, retten til å bli omtala med dei standpunkta dei verkeleg har.

Finst det ein kvinneprestmotstandar som ville tenkje på denne striden som ein kamp for sine eigne «privilegium»? Dette er rett og slett tøv! Når no dei siste prestane som står for den klassiske kyrkjelæra i kvinneprestspørsmålet skal jagast ut av kyrkja, var det minste ein kunne forvente at det hende på rette premissar!

-------------------------------------------

Har du noko på hjartet? Send eit innlegget til meninger@smp.no.

Her finn du alt meiningsstoffet på smp.no!