Somme av dei er langt oppi 70-åra, men det er like fullt godt vaksne karar som Odd Arne Grande i Skodje IL, Oddbjørn Aam i Åmdal IL, Birger Breivik i Volda TI Fotball og Kåre Fjørtoft i Larsnes/Gursken FK - og fleire med dei - som er å takke for at breiddefotballen på våre kantar fekk landa nok ein sesong.

Det er ikkje råd anna enn å la seg imponere over desse som bruker all fritid til å halde lokalfotballen (og sikkert litt seg sjølve) oppegåande.

Birger Breivik, for øvrig æresmedlem i Volda, dømte til dømes 40 kampar i haust. Meir enn fire kampar i veka.

Oddbjørn Aam, som var eliteseriedommar frå 1987-1993, dømte 18 kampar berre i oktober og avrunda månaden med sjuarkamp for menn mellom Hjørungavåg og Hareid2 på Jomsvoll KGB søndag 31. oktober. Kampen endte 10-2 til Hareid.

Odd Arne Grande held det jamnt gåande i sjuarfotballen og niarfotballen, er rådgjevar for unge dommarar, brøyter bana på Skodje når det trengst og er speaker på kampane. Der han gjerne brukar mikrofonen i bua til å be spelarane skjerpe seg om det blir for mykje bannskap i kampane.

Og Kåre Fjørtoft (78) har no dømt i kvar einaste sesong sidan 1975. Han runda 20 kampar i år og gir seg neppe før han tek att syvdingen Sverre I. Myklebust som visst nok dømte til han blei over åtti.

Fotballfolket på Sunnmøre kjenner desse karakterane frå tusenvis av kampar og har stor respekt dei. Mange av dei har dømt både foreldre og besteforeldre til spelarane som er aktive i dag. Det er sjeldan noko tull når desse styrer kampane.

Men bak desse, kva er stoda der? Det fortel årsrapporten til Sunnmøre Fotballkrets litt om. Diverre har det slik blitt at det er på hengande håret dette går rundt. Faktum er at svært mange kampar vert avvikla utan kvalifiserte dommarar.

I sjuarfotballen er til dømes berre halvparten av kampane gjennomført med oppsett dommar frå kretsen. Det betyr at foreldre og trenarar må gjere jobben. Det er aldri ei god løysing.

Frå 2018 til no har fotballkretsen gått frå 112 til 72 dommarar. Det er snart 40 prosent reduksjon, og då må alarmen gå.

Det er ikkje så verst rekruttering via dommarkursa, men det er ungdommar som deltek. Dei flyttar gjerne etter nokre få år til utdanning, militærteneste og droppar ut frå fotballdømminga. Dei litt eldre, dagens foreldregenerasjon, er så godt som fråverande på dommarkursa. Dei trivst kanskje best med å dømme frå sidelinja?

Medan bestefedre som Birger, Oddbjørn, Odd Arne og Kåre dømmer dagstøtt.

Det vert ifølgje årsrapporten nærast drive rovdrift på enkelte dommarar som må dømme altfor mange kampar. Det fører til både skadar, slitasje og sjukdom - og fråfall. På kretstinget i helga er dette tema, og det må først og fremst vere eit klubbansvar å gjere noko med det, løfte posisjonen dommarane har i klubbmiljøet.

Det er fullt mogleg. I Valder IL har dei til dømes elleve aktive dommarar denne sesongen.

Berre den langt større klubben, Volda TI Fotball, har fleire dommarar (12). Og når det gjeld kvalitet er Valdar i eiga klasse. Klubben har FIFA-dommar (Sunnmøres første gjennom tidene) Sigurd Smehus Kringstad, og Jim Andre Alnes Dyb og Øystein Simon Ytterland som er assistentdommarar i eliteserien. Bak desse er mentorar som Njål Rønning og Øyvind Kringstad, begge tidlegare toppdommarar. Det gir status å vere dommar i Valder

Og dei dømmer ikkje berre toppfotball. Mitt eige lag i G14-serien fekk Sigurd Smehus Kringstad som dommar i årets siste kamp. Det var stor stas for gutane å bli dømt av ein kar som tidlegare har dømt Premier League-stjerner som Curtis Jones (Liverpool), Calum Hudson Odoi (Chelsea) og Tariq Lamptey (Brighton).

Det var lærerikt for oss andre som var der også. Sjeldant har det vore stillare frå sidelinja.