Tysk turist redda av lokale klatrarar

Den tyske turisten som stod fast på ei fjellhylle ved Trandal i Hjørundfjorden, har ved hjelp av tre lokale klatrarar kome seg ned på trygg grunn.
New Articles

- Lokale klatrarar hadde med seg nødvendig utstyr og klarte å ta seg ned til mannen. Han har forklart at fjellhylla var så smal at han ikkje klarte å legge seg ned og at det var for bratt å ta seg vidare nedover fjellet. Difor tok lokale kjentfolk seg ned til han og fekk han til slutt på trygg grunn, seier operasjonsleiar Johan Arnt Overøye i Sunnmøre politidistrikt.

Det var laurdag kveld politiet fekk meldring om at den tyske turisten stod fast på fjellhylla.