Dømd for valdtekt av elev

Ein lærar i 40-åra er dømd for valdtekt av ein elev. Mannen er i Søre Sunnmøre tingrett dømd til fem år og ni månader fengsel.

Rettssak Statsadvokat Magne Nyborg var aktor i saka mot ein lærar i 40-åra. Advokat Gerd Haagensen er bistandsadvokat i saka.  Foto: Arne Per Andersen

Nyheter

Læraren var tiltalt for å ha valdteke ei 12 år gammal jente som var eleven hans.  Saka kom opp for Søre Sunnmøre tingrett, og måndag kom dommen.

Tingretten har funne mannen skuldig i tiltalen. Han er dømd til fem år og ni månader fengsel. Han må også betale jenta 200.000 kroner i oppreisingserstatning.

Grovt tillitsbrot

Til frådrag i straffa går 26 dagar som mannen har site varetektsfengsla.


– Blei valdteken på lærarrommet

Den eldre søstera til jenta som skal ha blitt valdteken av læraren sin, forklarte seg torsdag for Søre Sunnmøre tingrett

  Då saka var oppe i Søre Sunnmøre tingrett tidlegare denne månaden, nekta læraren all skuld.

Søre Sunnmøre tingrett har derimot funne mannen skuldig. Retten finn ingen formildande omstende. Derimot er det fleire straffskjerpande forhold.

Retten legg vekt på at læraren var ein tillitsperson for fornærma og han hadde ei plikt til å ta vare på henne gjennom si rolle. Retten meiner overgrepet mot henne såleis inneber eit grovt tillitsbrot.

Godteri

Straffskjerpande er det også at læraren bad jenta om ikkje å seie noko om det som hadde hendt.

I dommen går det også fram at tiltalte har "innynda seg med elevane ved å gi dei nokså frie tøylar i timane og ved å dele ut godteri. Så har han plukka ut den fornærma jente ved å gi henne kompliment og ved gradvis å vere meir og meir grenseoverskridande i si åtferd overfor henne".

Blir anka

Advokat Annette Barlinn er forsvarar for mannen, og ho seier dommen vil bli anka.

- Han er kjend med dommen og er veldig skuffa over ikkje å bli høyrd. Han held fast ved at han er uskuldig dømd, og dommen vil bli anka, seier advokat Barlinn til Sunnmørsposten.