NRK-feil om villaks

NRK-Brennpunkt har vist til ein statistikk som ikkje eksisterer i samband med programmet «Myten om villaksen», som gjekk på NRK1 tysdag.
New Articles

I eigenomtalen av det omstridde programmet om stoda for villaksen står det: «I følge den offisielle statistikken fra SSB (Statistisk Sentralbyrå) har norske lakseelver for tiden den sterkeste gytebestand på over 100 år.» Denne formuleringa vart gjengitt i ei rekkje norske media.

Men nokon SSB-statistikk over gytebestandar i norske elvar finst ikkje.

– Det stemmer, men påstanden er rett likevel, seier programskapar Magne Sleire.

Han fortel at han har trekt slutninga om gytebestand ut frå statistikken for elvefangst.

I programmet vart det sagt at «Det har aldri vært fisket mer laks i norske elver enn nå.» I førehandsomtalen stod det «at det aldri har blitt tatt mer laks i norske elver enn i 2008.»

– Kva er «nå»?

– At det vart brukt 2008 er ein feil. Det vi snakkar om er det siste tiåret. Og i dette tiåret har det aldri blitt fiska meir laks i norske elvar, samanlikna med andre tiår, seier Sleire.

Nedgang

Den offisielle SSB-statistikken viser at spesielt 2000 og 2001 var gode år i elvane.

Men i snitt vart elvefisket dei tre siste åra redusert med nesten ein tredel samanlikna med dei tre første åra av 2000-talet.

– Betyr det ingenting at fisket har vist ein nedadgåande trend dette tiåret?

– Her meiner eg statistikken er misvisande, ettersom det ikkje er tatt høgde for at det er redusert fisketid i elvane, seier Magne Sleire.

Redaksjonsleiar Olav Njaastad i NRK Brennpunkt stiller seg bak hovudkonklusjonen i programmet.

– I den siste tiårsperioden har det aldri blitt fiska så mykje laks i norske elvar, samanlikna med andre tiårsperiodar. Trenden no er ei utflating av fangstane, men då kjem vi på nivået for tiåret før. Dermed kan vi seie at argumentasjonen om at det står mykje dårlegare til med villaksen enn før er feil.

– Men er det ikkje misvisande å seie «aldri fisket mer enn nå»?

– Vi kunne presisert grundigare at det vi snakka om var det siste tiåret.

– Kva med formuleringa «I følge den offisielle statistikken fra SSB har norske lakseelver for tiden den sterkeste gytebestand på over 100 år.» ?

– Eg ser at det er ei uheldig formulering, som heilt klart kan misforståast. Programskaparen meiner å ha grunnlag for konklusjonen, men det burde vore formulert annleis.

– Vil de korrigere dette på nettsidene til NRK?

– Det vil vi straks gjere, seier Olav Njaastad i NRK-Brennpunkt.

Relaterte saker: