Bakgrunn:

Statistikk-strid

Å gi seg til å tolke statistikkar kan fort bere galt av stad – i alle fall når det er snakk om laksestatistikkar.
New Articles

No har NRK-Brennpunkt si tolking av laksestatistikken ført til at diskusjonen om villaksen minner meir og meir om den bitre drivgarnsstriden på 80-talet.

Også då handla det mykje om statistikk.


NRK-feil om villaks

NRK-Brennpunkt har vist til ein statistikk som ikkje eksisterer i samband med programmet «Myten om villaksen», som gjekk på NRK1 tysdag.

NRK-feil om villaks

Påstanden om at «Det aldri har blitt fisket mer laks i norske elver enn nå» har ført til eit stormløp mot leiaren for Direktoratet for naturforvalting, Janne Solli, som vert skulda for usakleg krisemaksimering. Norges Fiskarlag, taparen i drivgarnssaka, krev at direktoratet vert granska.

I notatet frå 1984 som starta diskusjonen om drivgarnsforbod skreiv Direktoratet for vilt og ferskvannsfisk, som seinare er omdøypt til Direktoratet for naturforvaltning, at den historiske laksestatistikken ikkje oppfyller krava til vitskapeleg materiale, og då «kan man heller ikke bruke den til å bevise årsaksammenhenger».

I 1989 vart drivgarna forbode, saman med dei effektive senegarna. Før det vart opp til 80 prosent av laksen tatt i sjøen. I dei seinare åra har fisket i elvane og sjøen vore om lag like stort. Altså går meir av laksen opp i elvane enn før.

Rundt 2000 var det ein topp i laksefangsten i dei norske elvane. I alle fall i følge statistikken. No peikar pila nedover, men det har NRK sett vekk frå.

I 1876 byrja fiskeriinspektør Simonæs å føre statistikk over laksefisket i elvane. Det første han la merke til var kor vanskeleg det var å få pålitelege tal, og korleis opplysingane varierte etter kven han spurte. Historia har gjentatt seg sjølv.

Relaterte saker: