Nilsen forlengar med Hødd

Hovudtrenar på Høddvoll også neste år.

  Foto: Nils Harald Ånstad

New Articles

Lars Arne Nilsen og Hødd har i dag vorte samde om ein eitt-års avtale som teneroppgåva for det nye laget i 1. divisjon.

Lars Arne kom til Hødd før 2008-sesongen då som trenar for rekruttlaget saman med Einar Magne Skeide. Duoen som var sidestilt, tok over A-laget hausten 2008 og var også hovudtrenarar i 2009. Den siste sesongen har Lars Arne vore hovudtrenar åleine. Han har hatt med seg Sindre Eid som assistent-trenar, Ronny Osnes som keepertrenar og Arve Haugland som fysisk trenar.

- Lars Arne og trenarteamet rundt han har gjort ein meget god jobb, både i 2009 og 2010-sesongen. Det tek tid å bygge eit nytt lag, vi er på god veg, og framleis er utviklingspotensialet stort. At Lars Arne har sagt ja til å utvikle laget vidare, samt bryte nye barrierer med denne gjengen er vi veldig godt fornøgd med, seier sportssjef Andrè Nevstad i Hødd.