Tek makta att etter 16 år

Etter 16 år med Høgre-styre i Hornindal, har Senterpartiet igjen sikra ordførarmakt i kommunen.
Valg 2011

Anne-Britt Øen Nygård (47) blir den nye ordføraren i Hornindal. Det er klart etter at partiet i går fekk avtale med Venstre.

– Dette blir ein spennande jobb, seier Anne-Britt Øen Nygård i partiet som gjorde eit svært godt val i Hornindal og auka gruppa si med tre medlemer.

Idar Nygård frå Venstre blir ny varaordførar.

Øen Nygård tek fatt på sin tredje periode i kommunestyret. Først gong ho kom inn var i 1999. Og ho hadde ikkje trudd ho skulle bli ordførar nokon gong.

I fleire store saker sist periode har Sp og Venstre vore i opposisjon til Høgre og Ap. No har dei to opposisjonspartia fått fleirtal.

– Eg håpar blokkene kan bli løyste opp. Det har vore låst i mange saker, og vi har samarbeidd godt med Venstre. Difor var det naturleg å samarbeide med dei no, seier Øen Nygård.

Det nye Hornindal kommunestyre har slik samansetjing:

Senterpartiet:

Anne-Britt Øen Nygård

Eldar Årvik Englund

Inger Marie Svingeset

Tor Marius Sollid

Jon Åge Torheim

Rasmus K. Kirkhorn

Bente Tryggestad

Høgre:

Edvin Andre Grothaug Haugen

Stig Olav Lødemel

Anne Raftevold

Wenche Elvegård Fannemel

Kjetil Grodås.

Venstre:

Idar Nygård

Brynhild Lund Notøy

Nina Benedicte Lødøen Øen.

Arbeidarpartiet:

Hilde Mjåtveit Lødemel

Bjørn Solum