Men før, før var det eit levande lokalsamfunn. Rundt 200 menneske. Bedehus og skule og ei god handfull linebåtar. Så kom 70-talet og sentraliseringa skaut fart. Mange tok båten derifrå. For godt.

I dag er det ei ti-tolv menneske som klorar seg fast på Silda gjennom heile året. Men dei som overvintrar får rikeleg med selskap i sommarhalvåret. Då kjem dei tilbake dei som flytta. Barna deira. Barnebarn. Slekt og vener. Og nokre som utan blodsband og tradisjonar har oppdaga sommareventyret på Silda. Då fyllest det opp i hytter og hus, naust og sjøbuder.

Sjøbudkafe

Og den største buda av alle, Skjærbuda, er opa som kafe. Her styrer Charlotte Tytingvåg på. I år er det hennar fjerde sesong på buda.

– Det er akkurat som å vere på ferie sjølv om eg er på jobb. Her er så mykje trivelege folk, strålar ho.

Buda er frå 1856 og har vore kafe sidan 1987. Hit kjem dei fastbuande, hyttefolk og båtfolk. Enkelte helgar er det spesielle arrangement og levande musikk. 15. juli ventar Eliasbåten på dei besøkande på Silda.

– Eg synest at dette med sjøvit var noko som passa her på Silda, seier ho før ho går og lagar til mat til gjestene. Reketallerken, fiskesuppe og heimelaga fiskeburger er noko av det som står på menyen.

Båt

For å kome seg til Silda utan eigen båt er det «Øyglimt» som gjeld. Den går frå hurtigbåtkaia i Måløy og må vere ein av dei få offentlege transportmidla i Norge som har fast billettpris på ein stykk sofa, ei vaskemaskin og så vidare.

Silda er billaust. På kaia står handkjerrene på rad. Om bord i Øyglimt er det trillebag på trillebag med mat og anna ein treng i sommarparadiset.

Vegval

Når ein vel har kome seg i land, har ein to val; gå til høgre eller til venstre. Til venstre kan ein rusle ein liten tur langs hamna eller ta vegen opp bakken og gjennom skaret. Der opnar utsynet seg mot Stad og Stadhavet. Etter ein liten kilometer med smal og asfaltert veg kjem ein til Sildakruna, naturreservat med rikt fugleliv.

Tek du til høgre, er det om lag like langt den vegen, ein liten kilometer. Forbi bedehuset og skulen og til slutt rundt ein val der du går på flytebrygger, skogssti og kai og endar på Skjærbuda.

Dersom du vil, er det også råd å gå rundt heile øya. Er du kjapp på foten, tek det ein liten time. Stien er lett å finne, men har det regna, kan det vere våtsamt, så husk gode sko.

Ved skulen er det vaskemaskin og dusjar for båtfolket og leikeplass for den som vil. Velforeninga er i stadig arbeid og inviterer til dugnad og basar, grillfest og familieaktivitetar.

Elles er dette ein stad der mykje tid blir brukt ved, på og i sjøen. Sjølv ein ikkje overvettes varm julidag, spring det barn med vått hår og i badekle langs vegen. Andre ror i den klassiske knallraude pionerjolla.

Vintersleilegheit

Men den som er om bord i ein verkeleg klassikar er Frank. Frank Silden. Sjølvsagt heiter han Silden. Åtte av elleve postkasser i venteromet på kaia har namnet Silden.

Men Frank har ikkje postkasse der lenger. Han heldt stand på øya til i 2000. Då fekk han seg vintersleilegheit i Måløy.

–Men eg er her nesten kvar helg heile året. Og heile sommaren, fortel han.

Det siste året har han og sonen brukt på å pusse opp ei gamal Tresfjord-snekke. 27 fot, djup og god og no i glitrande, fin stand. Overbygget var ikkje bergandes, men skroget er no blankt som på ein italiensk Riva.

Ikkje rart at det er om å gjere å gjere vinteren i Måløy kortast muleg.

Frank Silden og sonen har sett i stand den gamle Tresfjordsnekka så ho glitrar som ein italiensk Riva. Foto: Torill Myren
Silda er billaus og Øyglimt er navlestrengen til omverda. Foto: Torill Myren