Den nye duoen er klare med den fyste av fire konsertar kommande fredag.

- Etter ein lang og mørk haust kjem endeleg advent opp i kalendaren. Det er vel få ting som påverkar stemninga i denne perioden slik som musikken gjer, og eit uttal vakre melodiar og tekstar fortel om tradisjonar og innhaldet i jula, og gir oss høve til refleksjon og meditasjon, seier Holum og Brandal.

Følg smp-kultur på Facebook!

Med band

De meinar dei i førjulstida i år har ein godbit for konsertpublikummet på Sunnmøre.

- Vi har hatt fleire konsertar regionalt og nasjonalt i mange år, og går no saman om å skape førjulsstemning gjennom konsertar i fleire vakre kyrkjer på Sunnmøre, seier dei to.

Les fleire kulturnyheiter her

Fleire plassar

«Holy Night» startar i Gursken Kyrkje fredag, fortset i Ørsta Kyrkje laurdag, Hareid Kyrkje på søndag, mens siste gjeng i Ellingsøy Kyrkje 13. desember.

Merete Brandal har ein allsidig bakgrunn frå jazz, gospel, pop, blues og storband. Ho starta karriera si i kjellaren heime på Brandal saman med systera Tina og i 1990 kom dei til landsfinalen i Talentiaden. Merete har også vore medlem i vokalgruppa Blåtur og gospelprosjektet Jazz & Koral.

Bjørn Holum er kjend for sin særeigne vokalbass og som mangeårig medlem i Det Norske Kammerkor og SKRUK. Har har også vore både tilretteleggjar og utøvar i Herøyspelet Kongens Ring og vokalgruppa Blåtur.

Gjer som meir enn 23.000 andre - lik Sunnmørsposten på Facebook