Og dei skal heim for å synge. For dei opptrer i Stordal 15. desember, og i Tomrefjord 17. desember.

I tillegg får dei tid til to konsertar til denne veka. Dei to utvalde stadene er Batnfjordsøra 14. desember og Isfjorden 16. desember.

– Dette gler eg meg til, og er noko eg har drøymt om lenge: Å få plukke ut julemusikk og musikarar og stadane vi skal opptre, seier Knut Marius Djupvik.Tomrefjordingen har gått i musikalsk kompaniskap med Jenny Langlo frå Stordal. Begge er opptekne frilanssongarar som klarte å rydde i avtaleboka slik at dei fekk ei heil veke ledig rett før jul.

– Vi har også med oss lokale musikarar frå Romsdal i André Gussiås Band, legg Djupvik til.

Få med deg det som skjer i kulturlivet på Nordvestlandet. Følg smp-kultur på Facebook!

Bandet består i tillegg til André Gussiås på piano av Hallgeir Solli på gitar, Arne Petter Ugelvik på bass og Stian Romuld på trommer og perkusjon.

– Kva får vi høyre?

– Det er sjølvsagd mest julemusikk, men også litt anna musik som passar inn i julepakka. Repertoaret er ganske variert, frå det vare og sarte til det store og pompøse. Eg ser mellom anna fram til å framføre «O helga natt», seier Knut Marius Djupvik.

Og vi vil tru at Adolphe Adams komposisjon høyrer til i den siste kategorien.

Hva skjer? Sjekk kulturkalenderen på smp.no

Djupvik seier at dette er første gong han og Jenny Langlo held julekonsert. Men han håper at det kan bli meir av det seinare.

Men sjølvsagd er han ikkje ukjend med å opptre i jula:

– Eg trur eg var berre 13 år første gongen eg song solo i Vestnes kyrkje, seier han.

No er han blitt 27, og ser fram til dei to dagane som avtaleboka fortel at han har heilt fri i jula: julaftan og 1. juledag.

– Dei to dagane skal eg tradisjonen tru feire saman med familien oppe i hytta på Tomrefjellet. Det ser eg fram til. Nokre fridagar kan han også trenge, for dei siste åra har det blitt svært mykje arbeid på han. Og mykje løping frå gate til gate på ein eller annan flyplass – på veg til ein ny konsert.

– Samstundes er det jo viktig å ha mykje å gjere når ein er frilansar, legg Knut Marius Djupvik kjapt til.