– Ikkje berre er det vårt første album, men det er den første vinylen som er gitt ut i Vestnes, hevdar Rune Weiberg Olsen som er vokalist i bandet.

For Afterglow går for både vinyl og CD, samt streaming på iTunes og Spotify.

– Vi er jo relativt tilårskomne og ikkje nokon ungdom nokon av oss, så det å gi ut ein LP er som ein gutedraum for oss. Vi har jo vakse opp med LP, og no er det inn igjen også.

Få med deg det som skjer i kulturlivet på Nordvestlandet. Følg smp-kultur på Facebook!

Lokalt innspelt

Rockebandet har jobba med musikk i mange år, i forskjellige former. På 90-talet heitte dei Trond Frostad-band og song coversongar. Etter mykje utskiftingar fann dei etter kvart fram til forma dei var ute etter, og begynte å skrive eigen musikk.

Songane på albumet "Too close to fire", som kjem ut CD og streaming i morgon, har dei arbeidd med dei tre siste åra.

– Alle songane er spelt inn live i studio på Vestnes Musikkverksted. Vi er jo eit liveband først og fremst, seier Weiberg Olsen.

Musikkvideo frå Tresfjordbrua

Tidlegare i år dukka det opp ein sprø idé om å spele inn ein musikkvideo på sjølve Tresfjordbrua. Tanken dukka opp hos eit av bandmedlemma, som omtrent er næraste nabo til brua.

– Forslaget vart først forkasta, men så vart det teke opp igjen seinare.

Etter ein telefon til ordføraren, som igjen ringde Statens vegvesen, var det heile på plass. Og så berre balla det på seg. Robert Sandli vart med og stod for regi og film, og ein kjenning som dreiv med pyro var kontakta.

Sjå videoen øvst i saka!

– Ingenting var tilfeldig, poengterer Weiberg Olsen.

Lurer du på kva som skjer? Sjekk vår kulturkalender!

Planar om fleire videoar, men...

Sjølv stod han i bar overkropp midt på brua og song seg gjennom to dagar med opptak til "Sound of freedom".

– For å seie det slik, når ein vel å gjere noko slikt, så må ein halde seg varm mellom opptaka. Det vart rimeleg kaldt. Men ein gjer alt for kunsten.

– Det er ein fantastisk måte å jobbe på, så vi ser ikkje bort ifrå at det blir fleire musikkvideoar, men då kanskje ein plass det er litt varmare. Innandørs kanskje, eller i ein jacuzzi, småler Weiberg Olsen.

LP-en er no på veg frå Tyskland. Neste helg vert det signering i Vestnes, medan den offisielle sleppfesten vert 2. juledag.