– Moderne klangleg jazz med tydeleg improvisasjon. Halvparten av låtane er komposisjonar eg og dei andre musikarane improviserer rundt. Resten er opne improvisasjonar som vart til under plateinnspelinga i Holmenkollen Kapell.

Slik forklarer trompetisten og komponisten frå Valldal kva den nye plata hans inneheld.

Vidareføring

Klangkammer: Stian Omenås Ensemble er klar med ny plate. Her er musikarane fotografert i Holmenkollen Kapell der innspelinga vart gjort. Frå venstre: Rob Waring, Stian Omenås, Erik Nylander og Mats Eilertsen.

For tre år sidan gav Stian Omenås Ensemble ut si første plate «Klangkammer 1», der musikarane boltra seg med klangar og rytmar.

– Den nye plata er ei vidareføring av den første, fortel komponisten om «Klangkammer 2» som er ein musikalsk balansegang og leiken utforsking mellom skiftande rytme, lyriske melodiar og abstrakte tonar.

– Nokre av komposisjonane er korte og konsise låtar, medan andre er lange, dvelande og utviklar seg over tid, fortel Omenås og legg til:

– Dei fleste låtane har eg skrive til denne plata, medan andre komposisjonar har eg hatt liggande ei stund i påvente av at dei kunne passe til eit av bandprosjekta mine, fortel Omenås som i tillegg til «Klangkammer 2» no i 2016 er aktuell med ny plateinnspeling av hans komposisjonar med bandet Parallax, og skal på turne saman med felespelar Anne Hytta.

Gjer som fleire enn 24.000 andre - like smp.no på Facebook

Plateslepp

Men no først er det «Klangkammer 2» det gjeld. Innspelinga skjedde i Holmenkollen Kapell i mai 2014, og fredag 22. januar blir det plateslepp i konsertlokalet Arena i Moss, og lansering av plata på nett og i butikk.

Dagen etter er ensemblet tilbake i kapellet der plateinnspelinga skjedde, før turneen går vidare til Bergen og Trondheim.

– Eg hadde lyst til å kome til Sunnmøre på denne turneen, og har prøvd å få til konsert i Kube, og i regi av Jazzsirkelen, men det klaffa diverre ikkje med våre og arrangørane sine planar denne gongen, fortel Omenås.

Val av konsert- og innspelingslokale er ikkje tilfeldig for Stian Omenås og hans musikarar. Å jobbe akustiske i klangfulle, mindre rom inspirerer dei. Difor kallar dei musikken sin klangkammer.

Les fleire kulturnyheiter