I 2014 vann Regine H. Sandhaug og Maria Husøy PIR-prisen for sitt engasjement i kampen mot mobbing ved Ytre Herøy ungdomsskule og Stokksund skule. Prisen går til nokon som aktivt og frivilleg gjer noko for annan ungdom i Herøy.

– Vi var fast bestemte på å bruke pengepremien på noko som ville gjere ei endring, seier Regine H. Sandhaug.

Pengane brukar dei no på ei filmkampanje mot mobbing. Filminga starta i januar, og målet er å vere ferdig mot midten av februar. Dei har hatt audition på skulane i området, og funne gode skodespelarar å ha med seg i filmen, samt støtte frå lokale sponsorar.

Daglegdagse situasjonar

– Vi vil ikkje avsløre for mykje av handlinga. Det er daglegdagse situasjonar som blir framstilte. Situasjonar der mobbing kan oppstå. Vi vil halde fokus på at mobbing kan skje kor og når som helst. Samtidig vil vi vise dei små tinga som kan gjerast for å stoppe mobbing, samt konsekvensane av det – både for mobbaren og offeret, seier Regine.

Det er travle dagar for dei to jentene. Medan det store arbeidet går føre seg held dei ikkje eingong til i same land.

– Maria er på utveksling i USA dette året, men det set ingen stoppar. Vi kommuniserer på nett, og ho sit og ser på oss medan vi arbeider med filmen. Eg gjer ingenting utan at ho er med, seier Regine.

Tilbake der det starta

Filmen blir spelt inn på Ulstein Vidaregåande skule, og Ytre Herøy Ungdomsskule, der jentene sjølv var elevar for nokre år sidan. Det var då dei sjølve gjekk på ungdomsskulen, dei begynte å engasjere seg i mobbeproblematikken. Rektor på skulen hugsar godt kva som starta det heile.

– Det kom to jenter inn på kontoret mitt for tre år sida, dei hadde opplevd at ei jente følte seg åleine og ikkje hadde det bra. Dei lurte på om dei kunne bidra med å informere medelevane sine om mobbing, seier Ole Frank Bakken, rektor ved Ytre Herøy ungdomsskule.

Formar eige skulemiljø

Leiinga var imponerte over motet til dei to jentene. Med litt hjelp sette dei saman ein presentasjon, som enda i eit undervisningsopplegg på ein time. Dette presenterte jentene til medelevane sine på skulen.

– Når det er elevar som kjem og fortel om mobbing, då lyttar vi spesielt godt etter. Det at ungdommen sjølv får ansvar for å forme sitt eige skulemiljø er utruleg viktig. Dei vaksne på skulen er ikkje i same aldersgruppe, og treff difor ikkje dei unge på den same måten, seier Bakken.

– Eg trur medelevane våre vart litt sjokkerte når det plutseleg var to av deira eigne som sa ifrå. Som stod rett framføre dei og sa at det dei gjorde – og ikkje gjorde – var feil, legg Regine til.

Fekk opp auga

Bodskapen gitt frå elev til elev, i staden for lærar til elev var noko som slo an. Elevane fekk opp auga for det som gjekk føre seg rundt dei.

Presentasjonen vart også vist fram på Stokksund skule. I seinare år har den utvikla seg til å bli ein slags tradisjon på Ytre Herøy ungdomsskule – kvart år viser rektor fram presentasjonen for dei nye elevane som begynner i åttande klasse.

– Jentene har greidd å syne mobbeproblematikken på måtar vi ikkje har sett før. Når dei no kjem med denne kampanjefilmen, trur eg dei vil nå ei endå større målgruppe, seier Ole Frank Bakken, rektor ved Ytre Herøy ungdomsskule.

Regine H.Sandhaug (på bilete) og Maria Husøy håper å møte ei større målgruppe når dei no kjem med sin kampanjefilm mot mobbing. Foto: Erlend Vikene