Med over hundre opplagte mannskorsongarar i potten fekk Per Oddvar Hildre i kjend stil sving på sakene i ei fullsett Volda kyrkje søndag kveld. Etter ei tre dagar lang øvingshelg med syngjande menn frå heile søre Sunnmøre, kunne Prots presentere resultatet i form av ein konsert.

Sjå bildeserie over

Ytre Suløens Jazzensemble

Og for ein konsert det vart – med ingen ringare enn karane i Ytre Suløens Jazzensemble sitjande- og ståande i front for gigantkoret av menn.

Over hundre syngjande menn i kvitskjorter og slips syner att i koret. Foto: Knut Arne Aarset

Berre ei einaste kvinne kilte seg elegant inn frå sidelinja og sette sitt preg på konserten: Operasongar Birgitte Grytten Velsvik. I tillegg til høge operatonar, avslørte denne dama også soulstemme så det heldt.

Den fyrste song

Men Per Oddvar Hildre, også det i kjend stil, involverte også publikum. Med Per Sivle sin «Den fyrste song» fekk alle vere med.

– Forsking syner at den som syng saman med andre, har betre mental helse enn gjennomsnittet. Så her er det berre å finne eit kor å melde seg inn i, proklamerte Prots undervegs.

Få med deg det som skjer i kulturlivet på Nordvestlandet. Følg smp-kultur på Facebook!