Fleire til fylkesmønstring

Stryn og Hornindal blir representert med både slagverk, harpe, karveskurd og papirkunst under fylkesfinalen i Ungdommens Kulturmønstring i Førde i april.

TROMMER Tore Lødøen er plukka ut til å delta på fylkesmønstring i Førde i april. Han har tidlegare delteke både på fylkesmønstring og på landsmønstringa i UKM.   Foto: Anne Mari Aalberg

Kultur

Frå Hornindal er følgande artistar plukka ut: Tore Lødøen (slagverk), Andrea Kroken (song) og dansegruppa Teletubbies. Frå Stryn deltek Silje Greidung (gitar), Stella Birthe Poland (harpe), Andrea Vinsrygg Steen (song) og Anita Helene Sollid (monolog).

Få med deg det som skjer i kulturlivet på Nordvestlandet. Følg smp-kultur på Facebook!

På utstillinga skal Ailen Mari Olsen (teikning), Iselin Malene Olsen (teikning), Sonja Holmøy-Wang (teikning), Kine Cecilie Ludvigsen (treskjering karveskurd) representerer Hornindal. Stryn blir representert av Patrick Myklebust (papirkunst), Marie Bøe Aaberg (måleri) frå prosjekt Pushwagner på Tonning skule i Stryn og Silje Greidung (måleri «Auge»).

Gjør som 25.000 andre - følg smp.no på Facebook.