80-talets heltar til Fosnavåg

Lava er blant artistane i Fosnavåg konserthus i vinter.

Gamle heltar Lava spelar i Fosnavåg 7. februar. Pressefoto. 

Ålesund strykekvartett entrar scena i Fosnavåg konserthus 11. februar. Pressefoto. 

Kultur

Fosnavåg konserthus er klar til sesongstart, og først ut er Norvald Dahl trio med sin hardtsvingane jazz, onsdag 3. februar. Pianist og herøyværing Norvald Dahl tek med seg eminente musikarar frå Bergen så vel som frå jazzscena i New York.

Bandet vitja Fosnavåg sist i 2013, der dei spelte for eit begeistra publikum.

Kulturnyheiter og oppdatert kulturkalender - få med deg det siste ved å følgje smp-kultur på Facebook

Lava toppa salslistene på 80- og 90-talet og er eit stort trekkplaster for Fosnavåg konserthus. Bandet spelar søndag 7. februar.

Rolf Graf, bandet sin faste bassist, måtte gje tapt mot kreften i juli 2013. Det store ynskje til Rolf var at bandet skulle fortsette til tross for sjukdommen. Ny bassist er Johnny Sjo, godt kjent frå suksessbandet D'Sound.

Lava har med seg Frode Mangen på keybord. Kåre Kolve er med på saxofonar i tillegg til bandet sine faste medlemmar: Svein Dag Hauge, Per Hillestad og Egil Eldøen.

Ålesund strykekvartett feirer 30-årsjubileum denne sesongen og vitjar Fosnavåg konserthus torsdag 11. februar.

Musikken som vert spelt er Ludvig van Beethoven: Strykekvartett opus 74 i Ess-dur «Harpekvartetten». Det andre er eit av Dimitri Sjostakovitsj sine mest kjente kammermusikkverk: Strykekvartett nr. 8 i C-moll.

Verket vart skrive i løpet av tre dagar i 1960 etter ei reise til Dresen. "Til minne om ofra for facisme og krig" heiter det i dedikasjonen.

Gjer som 25.000 andre - følg smp.no på Facebook