Velgjerd til kreftsjuke born

Søndag gjev Mosaic ein velgjerande konsert i Spjelkavik kyrkje, og inntekta går til kreftsjuke born hjå Ålesund sjukehus.

Mosaic spelar i Spjelkavik kyrkje 7. februar, og overskotet av inntekta går til kreftsjuke born hjå Ålesund Sjukehus. Pressefoto. 

Kultur

Denne våren byr Spjelkavik kyrkje på ei variert konsertliste. Vintergospel er først ut 5. februar, og SoulTeens Aalesund skal synge til publikum. Koret er dei eldste ungdomane i Soul Children.

Mosaic og lokale musikkvener

Mosaic spelar søndag 7. februar, og er kulturskulen sin kyrkjekonsert i år. Lærarane hjå Ålesund kulturskule har teke initativ til konserten, og i samarbeid med kulturutvalet hjå Spjelkavik kyrkje spelar dei ein velgjerande konsert til inntekt for kreftsjuke born hjå Ålesund sjukehus.

Kulturnyheiter og oppdatert kulturkalender - få med deg det siste ved å følgje smp-kultur på Facebook.

Ola Eide, kantor hjå Spjelkavik kyrkje, fortel at Mosaic stiller opp gratis for andre året på rad. Det vert fleire musikalske innslag denne kvelden av lokale musikkvener. Blant dei er gruppa Frisk Bris med samsong, og nyskapa materiale av gitarist Kjetil Strand og pianist Johan Sewerin. Programmet er variert med klaver, stryk, blås og melodisk slagverk i tillegg.

– Det er hyggeleg at fleire musikarar stiller opp til konserten og at pengane går til ei god sak, seier Eide.

Mosaic sin konsert er støtta av MFO Møre og Romsdal.

14. februar tek Brazz Brothers turen til Spjelkavik kyrkje.

Les også:

80-talets heltar til Fosnavåg

Lava er blant artistane i Fosnavåg konserthus i vinter.


Hold deg oppdatert - følg smp.no på Facebook!