- Raumarock har gleda av å presentere OnklP & De Fjerne Slektningene, Postgirobygget, Oslo Ess og Stage Dolls til årets festival, seier festivalsjef, Dag Inge Landbakk, i ei pressemelding.

Frå før er det kjend at Åge Aleksandersen & Sambandet, samt vinnaren av Norske Talenter 2015, gitaristen Odin Landbakk, også er klare for Raumarock 2016.

Platektuelle

Gutane i Oslo Ess kom idag, fredag, med sitt album «Konge uten ei krone». Ifølge dei sjølve er det eit album der dei verkeleg får vist fram essensen av kva Oslo Ess er: Åtte raske jævler, ei ballade og ei skalåt det lukter trøbbel av.

Før dei blir å sjå på Åndalsnes i sommar, skal Stage Dolls konkurrere i MGP med låta ‘Into the fire’. Konkurransen går av stabelen i slutten av månaden. Dette er første gong rockelegendane spelar på Raumarock.

Tre dagar

Festivalen arrangerast over tre dagar i byrjinga av august, og markerar denne sommaren sitt 15 års jubileum.