Laurdag varmar Stig Ulv opp publikum til Horizons Project. Bandet ville ha noko heilt anna enn seg sjølv som inngang til konserten sin. Ulv skulle eigentleg starte vintersesongen i Porsgrunn i slutten av februar, men Ulv bestemte seg for å stille på scena i Sulahallen og opne vinterturneen sin der.

– Eg gler meg til konserten. Det vert stor forskjell på meg som sit der åleine med fire gitarar, og Horizons Project med sine ni medlemmar, seier Ulv.

Få med deg det som skjer i kulturlivet på Nordvestlandet. Følg smp-kultur på Facebook!

I kvardagen som musikar, har det skjedd endringar for Ulv. No har han tilsett ein person til å ordne reserveringar av komande konsertar, og Ulv opplev ei auke av tilbod om stadar å spele på.

– Eg får meir tid til å utvikle musikken min og sikre kvaliteten, samt tid med familien. I sommar vonar eg å framføre fleire konsertar i samband med festivalar.

Ulv startar pappapermisjonen sin dagen etter konserten i Hjørundfjord kyrkje, 20. mars. Det ser musikaren fram mot.

Gjør som 25.000 andre - følg smp.no på Facebook