Filmteamet bak «Børning 2» er samla på kaia ved Mjølstadneset i Herøy for å spele inn fleire scener til den komande bilfilmen.

Sunnmørsposten er onsdag saman med fleire pressefolk på innspelingsstaden for oppfølgjaren som handlar om eit billøp frå Fosnavåg til Murmansk.

Sjå bildeserie: – Gøy å vere statist

Filmen har ikkje minst fått merksemd på grunn av dei mange gromme bilane som er med.

Her finn vi både Lamborghini, Nissan GT-R, Audi R8, Toyota Arctic Truck og ikkje minst ein Königsegg CCXR. Hovudpersonen sjølv - den bilgale «Roy» køyrer ein knall gul Ford Mustang.

Sjå video: Her går startskotet for kappløpet

Ville til Sunnmøre

Regissør Hallvard Bræin har tidlegare trekt fram naturen på Sunnmøre som årsak til at dei ville filme på Sunnmøre.

Men i filmen er det heilt tilfeldig at billøpet hamnar på våre traktar. I handlinga er årsaka rett og slett at personane i filmen kastar pilar på eit kart.

Sjå video av sportsbilane til høgre (under om du les på mobil)

Ei anna årsak til at handlinga går føre seg på Sunnmøre , er tilknytinga Bræin har til distriktet, med besteforeldre frå Åheim i Vanylven - og ei mor som no bur på staden. Filmskaparen har vore mange somrar på Sunnmøre.

– Derfor har dette også vore ein draum, å få vise fram distriktet på film, seier Bræin til smp.no i ein kort kommentar mellom slaga.

Sjå videointervju: – Dette har vore ein draum

Også innsatsen til Herøy Næringsforum med å skaffe lokale statistar og innspelingsstader, har vore avgjerande.

Kjende skodespelarar

Starten for heile billøpet som står sentralt i handlinga, blir spelt inn onsdag ettermiddag, men først er det fleire mindre scener som må på plass.

På same vis som i den første filmen, er det mange kjende skodespelarar som deltek.

Mellom dei er Anders Baasmo Christiansen og Marie Blokhus som filma fleire scener onsdag , men også Otto Jespersen, Sven Nordin og Jenny Skavlan deltek også denne gongen.

Gjer som fleire enn 25.000 andre - lik smp.no på Facebook

– Eit slags friminutt

Skodespelar Anders Baasmo Christiansen har ei allsidig karriere bak seg, med fleire seriøse roller - men synst «Børning» er ein gøyal film å vere med på.

– Det er eit slags friminutt og mykje moro, seier han til smp.no.

Han får naturleg nok ikkje lov til å køyre alle scenene sjølv, og påpeiker at hovudpersonen «Roy» trass alt sitt bak rattet på ein bil med kring 1000 hestekreftar.

Meir om filmen:Er i gang med «Børning 2»Kjellen får rolle i bilfilmStoppar ferjer for filminnspeling

Spesielt morosamt synast Christiansen responsen frå publikum har vore etter den første Børning-filmen. Den trakk heile 380.000 publikummarar til kinosalane i 2014, og blei derfor den nest mest sette filmen på norske kinoar det året.

– Eg merkar når eg møter folk som har sett filmen at dei synast det er skikkeleg kult. Dei er heilt blanke i auga - og spesielt når vi kjem hit og heile lokalmiljøet er med å bidreg. Det er jo det man likar som skodespelar - å gjere ting som folk ser og gjer inntrykk på ein eller anna måte. Dette har fått familiar til å gå på kino saman og fått ein stor oppleving.

Les Sunnmørsposten tordag: Trur på reklameverdi for millionar