Selskapet Filmkameratene laga ei av nøkkelscenene i den komande actionkomedien i Herøy onsdag. Innspelingsområdet på Mjølstadneset har vore godt vakta dei siste dagane, men onsdag fekk pressa ein sniktitt på settet.

Det er ikkje alltid lett å planlegge tida når ein lagar film, og teamet fekk det travelt då dei hamna bak tidsskjemaet. Men kort tid før dagslyset forsvann, kunne sportsbilane fyre opp motorane og legge i veg.