Rybak-helg for unge fiolinistar

Over 90 unge strykarar lærte å leike seg litt meir med instrumentet sitt i helga.

Dei unge musikarane var på eit todagars seminar med Rybak før konserten søndag.  Foto: Kristian Skeide

Eit fullsett Fosnavåg konserthus fekk oppleve Alexander Rybak i leikent samspel med unge musikarar.   Foto: Kristian Skeide

Kultur

Eit todagars seminar med den kjende fiolinisten og songaren Alexander Rybak, munna ut i ein stor konsert i Fosnavåg konserthus søndag ettermiddag. Over 90 unge musikarar, i hovudsak fiolinistar, frå kommunane Herøy, Ulsteinvik, Hareid, Sande, Ørsta, Volda, Stryn, Ålesund, Tresfjord og Valldal tok del, i tillegg til andre kulturskuleelevar i Herøy.

Leiken

Publikum fekk oppleve stor energi frå popstjernefiolinisten som vann Eurovision Song Contest for Norge i 2009. På konserten vart det m.a. spelt på feler på heilt nye måtar, og den leikne spelestilen til Rybak var tydeleg overført til dei unge musikantane.

– Dette er dei største musikktalenta på Sunnmøre, og de skal vere stolte av dei, sa Rybak om deltakarane på seminaret.

Fairytale

Konserten vart avslutta med vinnarlåten frå Melodi Grand Prix, «Fairytale», med Rybak i spissen for orkesteret med medlemmer frå sju til 25 år, og i tillegg nokre vaksne. Seminaret vart arrangert av spelemannslaget Havella i Herøy, i samarbeid med Alexander Rybak. Les meir om Rybak-helga i papiravisa måndag.