Jacobsen legg til:

— Eg var aldri så tøff då eg var ung at eg ville ha gått på scenen frivillig framfor så mange.

Scene og kunst

Mønstringa i Stordal hadde ti ulike sceneinnslag med ni sceneartistar. Bak kunstutstillinga stod ti unge kunstnarar. Dei viste fram teikning, akvarell, teikneserie, fotografi og treskjering.

Vidare til fylkesmønstringa

Ei av gruppene som spelte i Stordal har allereie gått vidare til fylkesmønstringa etter UKM i Ørskog. Gruppa «Safehouse» består av ungdom frå både Stordal, Stranda og Sjøholt, og dei kan derfor stille fleire stadar.

Deltakarane som er under ti år kan ikkje sendast vidare til fylkesmønstringa.

– Det trur eg ingen av dei yngste tenkjer på. Dette har nok vore ein stor kveld for alle saman, seier Jacobsen.

Tema: UKM