– Eg var så fascinert av kordamene, men så slo det meg; kvifor seg eg på dei på sidelinja, eg vil jo eigentleg stå fremst!

No nærmar dagen seg med stormskritt. På laurdag gjeng draumen i oppfylling, då står Stine Hole Ulla på scena i Oslo Spektrum under årets Melodi Grand Prix. No nyt ho dagane i forkant.

– No har eg hatt prøver i Oslo Spektrum heile veka – og eg kunne ønske eg fekk ei veke til! Det er så utrulig kjekt å vere her. Eg elskar alt rundt Grand Prix, det å gå rundt der det heile foregår er stor stas. Eg kjem nok til å ha ein slags kjærleikssorg når det heile er over, seier ei opprømt Ulla.

Karusell

– Eg går rundt og gliser heile dagen, og storkosar meg. Eg merkar ikkje ein gong at eg er sliten. Men når eg legg meg om kvelden kjenner eg at eg eigentleg er heilt utslitt – då kjem gjerne dei skremmande tankane også. Eg skal ikkje legge skjul på at eg er nervøs, seier Stine.

Alt verkar rett

Likevel kvernar ho på dei same tankane om att og om att. Tenk om noko går gale, at ingen likar det? Ho prøver å ikkje lat dei ikkje gå inn på henne. Ho er forberedt på alt – det er jo dette som er draumen.

– Eg er glad eg kjenner meg sjølv så godt at eg veit korleis eg skal handtere alle desse følelsane. Innerst inne veit eg at dette er riktig for meg, då må eg ikkje bry meg om kva kritikarane meiner. Alt verkar rett.

Heiagjeng frå Sykkylven

Med seg i spektrum på laurdag står både familie, vener og bekjende.

– Eg veit ikkje om eg kjem til å sjå dei. Men berre det å vite at dei er der vil hjelpe. Dei har i alle fall laga mange plakatar og bannarar, som det er eit mirakel om eg ikkje får auge på dei, seier ho og ler.