Helge Søvik (76) vart under årsmøtet til Storfjordens Venner, laurdag utnemnd til æresmedlem i foreininga, skriv avisa Sunnmøringen.

Søvik er tidlegare journalist, og var i mange år redaktør nett i avisa på Stranda.

I grunngivinga for æresmedlemskapet heiter det mellom anna at Søvik, på mange vis, «har hatt ei enorm betydning for foreininga over ein lang tidsperiode».

Storfjordens Venner vart stifta 12. juli i 1975. Foreininga arbeider for å verne om kulturminne og levande tradisjon. Interesseområdet for foreininga er dei nedlagde fjord- og fjellgardane kring Storfjorden med fjordarmane Geirangerfjorden, Sunnylvsfjorden, Norddalsfjorden og Tafjorden.