Øyvind Skarbø fekk Vossa Jazz-prisen

Trommeslagar Øyvind Skarbø fekk Vossa Jazz-prisen første år han er på festivalen som artist.

Øyvind Skarbø under Moldejazz i 2012, i Håkon Kornstad med band.  Foto: Pressefoto

Kultur

Skarbø, som er frå Stranda, fekk overlevert prisen i forkant av konserten han skulle ha, skriv NRK.

Han har mellom anna spelt i banda BMX, Crab is Crap og 1982. Søndag opptredde han på Vossa Jazz for første gong, med bandet Håkon Kornstad Tenor Battle.

- Han har vore tydeleg til stades, både heime, borte og i utlandet. Men han er kanskje den av våre utøvarar som trivst best i krysningspunktet. Han utfordrar sjangeromgrepet, og definerer sitt eige uttrykk på ein måte som gjev både undring og åtgaum mellom både musikarar og lyttarar. Han er komponist, utøvar, arrangør, drivkraft og motivator, sa fylkesordførar Anne Gine Hestetun, som delte ut prisen og las juryen si grunngjeving, skriv avisa Hordaland.