Sjå dei første klippa frå den komande filmen over

For snart to månader sidan inntok teamet frå Filmkameratene Herøy som opptaksstad for sjølve starten av billøpet. Også på landeveger elles i distriktet blei det spelt inn fleire bilscener, før filmfolka drog vidare for å spele inn nye scener.

Kva skjer? Sjekk kulturkalendaren på smp.no

Konkurransen i filmen går føre seg frå Fosnavåg til Murmansk. Torsdag offentliggjorde filmselskapet dei første klippa frå filmen.

Førpremiere i Herøy

Lokalbefolkninga i Herøy er lova førpremiere «med kjendisar og heile pakka» til hausten, fortalde dagleg leiar Geir Idar Kvalsvik i Herøy Næringsforum til Sunnmørsposten då filmselskapet var på besøk.

Sjå bildeserie frå innspelinga: – Gøy å vere statistRegissøren: – Dette har vore ein draumVideo: Her går startskotet for kappløpet

Kvalsvik hadde tru på god reklameverdi for distriktet frå oppfølgjaren til 2014-suksessen:

– Førebels har vi ikkje rekna på det, men vi veit at fleire av stadene frå den første filmen har merka god effekt med fleire besøkande, sa han då.

«Lokal» regissør

Mellom dei kjende skodespelarane som deltek i filmen, er Anders Baasmo Christiansen, Marie Blokhus, Svend Nordin og Otto Jespersen.

Regissør er Hallvard Bræin, som sjølv har sterk tilknyting til distriktet med besteforeldre frå Åheim i Vanylven - og ei mor som no bur på staden. Filmskaparen har vore mange somrar på Sunnmøre.