– Vi har ambisjonar om å lage Norges mest fargerike film, fortel regissør Jan Vardøen.

Saman med sjefsfotograf Nico Poulsson, skodespelarar som Hege Schøyen, Knut Nærum, Egil Hegerberg, Gard B. Eidsvold og Shahrukh Kavousi, har Vardøen teke over hotellet i Norangsfjorden.

Satire

Innspelinga av den politiske satirefilmen «Det norske hus» starta onsdag denne veka. I strålande sol filma dei sunnmørsk natur frå lufta med helikopter.

Vardøen fortel at hotellet i seg sjølv får nærast som ei hovudrolle i filmen, som skal visast på kino til hausten.

– Vi vil vise det fram på best mogleg vis. Mange norske filmar er så grå og blå, men her på Øye er jo alle romma i forskjellige fargar og det skal vise igjen.

Tipsa av «Bølgen»

Det var lovord frå filmcrewet som spelte inn «Bølgen» som gjorde at Vardøen valde Hotel Union Øye som lokasjon for filmen.

– Dei var så imponerte over bevertninga dei fekk at eg reiste opp på synfaring. Då eg såg kor vakkert her er, var eg seld.

Dagleg leiar ved hotellet, Mariann Øye-Mork, er sjølvsagt strålande fornøgd med å nok ein gong vere vertskap for eit filmcrew.

– Det er ei veldig tillitserklæring at vi kan levere det eit filmcrew treng. Ein kan ikkje seie det er frukost frå 8-10, men må vere fleksibel.

Og med ei slik innspeling kjem det også utfordringar.

– Før eg hadde stått opp i dag hadde eg fått spørsmål om eg kunne skaffe skismørjing og ingefær, men eg elskar slike ting, seriar Øye-Mork entusiastisk.

Vardøen har tidlegare regissert ein kortfilm og ein spelefilm. Han er i tillegg både forfattar, musikar, restauranteigar og har mellom anna vore dommar på «Masterchef».

Ideen til filmen fekk han då flyktningkrisa tok seg opp i haust. Han snakka med restaurantar om dei ville vere med å donere mat og enda opp med å starte gruppa «Refugees Welcome To Norway», der han no er styreleiar.

– Eg har sett kor eksotisk og komisk flyktningar sitt møte med Norge kan vere, og ønska å vise fram dette, fortel Vardøen.

Gjer som meir enn 25.000 andre - følg smp.no på Facebook